Author Archives: mrogen

Nytt medlem i Norsk Skottbenk Union

Norsk Skottbenk Union

Ivar Jørstad er fornøgd eigar av sin sjølvlaga skottbenk. Ivar Jørstad er fornøgd eigar av sin sjølvlaga skottbenk. Vi ynskjer han velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union. Foto: Ivar Jørstad

Ivar Jørstad har gått det nye fagskoletilbodet Innføring i bygningsvern på Røros. Som ei oppgåve har han både registrert og målt opp ein gamal skottbenk og bygd seg sin eige skottbenk. Han har leita etter gamle skottbenkar i Buskerud der han held til. Så langt har det ikkje dukka opp nokon. Skottbenken han har målt opp er frå Bredalslien i Tolga. Denne vurderte han som så tung og kraftig at ein kopi av denne ville bli lite mobil og såleis ikkje så veleigna som arbeidsbenk i si verksemd. Valet fall på “Jarlebenken” som er ein konstruksjon av Jarle Hugstmyr basert på skottbenken til Per Volden i Os. Jarle har kopla på ein ekstra benk på sida for å drive med ymse snikkararbeid. Dette blir ein kombinasjon av…

View original post 272 more words